|
|
 |
 |
Brothers in ARMS
Den 27 år gamle amerikanske forfattaren
Matthew Eck frå Kansas City, Missouri, har vore soldat i den amerikanske hæren, både i
Somalia og på Haiti. Og det er hendingar i Somalia som er utgangspunktet hans for
debutromanen hans. The Farther Shore, Den andre siden, kom i år ut på
Vega forlag.
Den unge forfattaren har blitt omtala som ei
spennande ny røyst, og ikkje noko mindre enn ein mogleg arvtakar til Ernest Hemingway.
Den første store krigsromanen i vår generasjon, hevdar nokon om boka. Storleiken ligg i
så fall ikkje i omfanget: Den andre siden er ingen mursteinsroman, men
ei smålåten bok på om lag 150 sider.
Styre eldgjevinga
Fire amerikanske soldatar er smugla inn på oppdrag i ein stor aust-afrikansk millionby,
svært lik hovudstaden i Somalia, Mogadishu. Dei ligg på eit hustak midt i tropenatta og
fylgjer med på bombardementet frå amerikanske hær- og flystyrkar. Målet for åtaket er
dei lokale krigsherrane, og dei fire soldatane sender radiomeldingar som skal styre
eldgjevinga så presist som mogleg. Oppdraget er farleg, gruppa ligg tynt an dersom dei
blir oppdaga. Noko går gale og dei må kome seg ut av byen og attende til sine eigne
avdelingar.
 |
Matthev
Eck med krigsbok frå Somalia blir sammenlikna med legendariske Hemingway. |
Eck dreg lesaren inn i situasjonen og vidare inn i handlinga på ein lavmælt og nær
måte. Handlinga er dramatisk nok og rimeleg surrealistisk der dei tungt utrusta
amerikanske soldatane hamnar midt i den opprivne kvardagen til dei hardt prøvde sivile.
Forfattaren unngår likevel å bli anmassande og heseblesande, teksten er poetisk og tett
på sanseinntrykka til hovudpersonen. Det er nok denne språklege kvaliteten som kan føre
tankane til Hemingway eller for den saks skuld Vainö Linna (Ukjent soldat).
Og dette er ein roman som godt kunne blitt til film: Med potensiale for andre kvalitetar
og fokus enn den kjende Black Hawk Down (2001, regi Ridley Scott) frå
det same kampscenariet på Afrikas Horn. Boka har også stilmessig slektskap til The
Thin Red Line (1998, regi Terrence Malick, basert på roman av James Jones frå
1962).
Krigsrøyndomen i denne boka er elles skildra svært
annleis enn internettbaserte virtuelle krigsspel, actionfilmar og nyhendereportasjar.
Sjølv om den moderne hightech-krigen dannar ramma for handlinga, er likplyndring på
slagmarka det same i det 21.århundre som til dømes under slaget ved Poltava i 1709.
Nære inntrykk
Det vil vere god plass i feriebagasjen sjølv om denne vesle boka er med. Og sjansen er
stor for at ho vil bli lest i løpet av turen. Det er ein tekst som kan opne sansane for
dei nære inntrykka utanfor boka. For du vil trenge kvile til smak, lukt, augo og øyre
når du let ho att: Så godt livet kan vere - utan krig!
Den andre siden. Av Eck, Matthew. Originaltittel: The
Farther Shore. Omsett til bokmål av Håvard Syvertsen. Vega Forlag, Oslo 2009. ISBN
978-82-8211-061-7 (155 sider).
Teaternett bringer
nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Vi vil også være et forum for debatt om
kultur, historie og samfunn i et videre perspektiv. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår
epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|