| 
     | 
     | 
      | 
      | 
    STUBØ styrer Stadsteatern 
    I seks år framover skal Eirik Stubø frå Narvik i Noreg styre det velkjende Stockholm
    Stadsteater i vårt nærmaste broderland. I eit intervju med Dagens Nyheter fortel han om
    ei av sine første teateropplevingar han var vitne til, som grensevakt i Kirkenes under
    vernepliktstida. For å skremme russarane på andre sida sette den norske kapteinen i
    scene ei liksomavretting av kokken i kompaniet, fordi han hadde laga vond mat. 
     
     
    Det er likevel truleg tilfeldig at ei av dei fyrste premierene under Stubø sitt regime er
    Sweeney Todd. Soga om den litt spesielle barberaren og kokken i London,
    som saman med kona si serverte kundane sine menneskekjøt. Russarane likte i alle fall
    ikkje så godt grenseepisoden den gongen, så dei klaga, og kapteinen vart omplassert.
    Skal vi tru Stubø.  
    
      
         
  | 
       
      
        Foto: Carl
        Bengtsson, Stockholms stadsteater.  ©  | 
       
      
         
        Peter Jöback og Vanna Rosenberg i rollene som Sweeney
        Todd og Mrs Lovett i Sweeney Todd. Sweeney
        Todd: The Demon Barber of Fleet Street vart opphaveleg  skrive i 1979, med
        musikk og songtekstar av amerikanaren Stephen Sondheim (født 1930) og
        med libretto av engelske Hugh Wheeler (1912-1987). Denne svenske
        versjonen av stykket har premiere 4. desember på Stora scenen, på Stockholms
        Stadsteater. 
         
        . | 
       
     
    Foreløpig er det speleplanen til den førre sjefen, Benny
    Fredriksson, som gjeld. Først i 2015 byrjar Stubø på sine eigne planar for det
    svenske teatret, skal vi tru Dagens Nyheter. Men som del av oppdraget skal han iscenesetje
    to framsyningar på Stadsteatern kvart år.  
     
    Majoriteten har aldri rett 
    - Vi skal vere teater for alle stockholmarar, seier Stubø til Dagens Nyheter, og jo
    fleire som kjem i teatret, jo betre, meiner han. - Men det er ikkje det einaste målet å
    få så mykje folk i teatret som mogleg, då vert det keisamt. For som Ibsen seier:
    "Majoriteten har aldri rett". Ein må ta utgangspunkt i det som ein vil
    fortelje.  
     
    I vår set Stubø opp urpremiere av Arne Lygre sitt skodespel Ingenting av meg.
    Og til hausten set nordmannen igang med den franske klassikaren Bérénice
    av Jean Racine. 
     
    Det er fleire nordmenn i Sverige om dagen: Stubø nemner Alexander Mørk-Eidem si
    oppsetjing av  Kiplings Djungelboken på Stockholms stadsteater som
    ein av sine favorittar. Han gler seg også til å sjå Woyzeck på
    Dramaten i  Michael Thalheimer sin regi. 
    . 
     
    Relaterte linkar: 
    Kulturhuset Stadsteatern 
    Eirik Stubø: "Stor publik är inte enda målet" Av Clas
    Barkman. dn.se 25. november 2013. 
     
    NYHETER  MELDINGER 
     
    Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
    oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no  | 
     | 
     |