|
(annonse) |
|
VEKSTEN held fram Trass i finanskrisa er det vekst i det norske scenekunstfeltet. Dei norske nøkkelinstitusjonane i teaterlivet, med Den norske Opera og Ballett i spissen kan puste noko lettare ut, enn så lenge. Dryge 1,524 milliardar kroner er ramma i år for post 324, scenekunstfeltet, og auken frå ifjor ligg på line med auken i kulturbudsjettet (10,2 prosent). Kulturbudsjettet er i framlegget på 9,27 milliardar kroner. Sjølv om kulturbudsjettet aukar, er det lenger unna målsetjinga om ein prosent av heile statsbudsjettet (1241 milliardar) enn i fjor, nær 0,75 prosent utgjer kultur av heile kaka. Kvar tredje krone til Bjørvika Og scenekunstfeltet får same andel som ifjor: Omlag kvar sjette kulturkrone går til teater, det inneber ein samla auke på 154 millionar frå ifjor. I år som i fjor framstå Den Norske Opera & Ballett som sjølve lokomotivet i scenekunsten. Tom Remlov og hans mannskap har fått tetta hola etter ifjor haust. Framleis går nesten kvar tredje krone frå denne posten går til Den Norske Opera og Ballett (440 mill). Bjørvika får drygt 50 millionar kroner meir enn Nationaltheatret (155 mill), Det Norske Teatret (137 mill), og Den Nationale Scene (96,5 mill) til saman. Til saman får dei nasjonale institusjonar 829 millionar av heile scenekunstbudsjettet, noko som tilsvarar nesten 55 prosent av denne posten. Teater Innlandet Gjennom samanslåinga av Hedmark og Oppland til ein teaterregion har har Teater Innlandet no fått eit større påslag og rykka opp mellom regionteatra. 6 nye millionar gjev tilsaman 18,7 millionar inn i etableringsprosessen. Det blir spennande å sjå om dette prosjektet vil lukkast, og kva som blir evaluering og oppfylgjing på neste års budsjett. Under Ymse faste tiltak er Østfold Teater og Brageteatret mellom dei større vinnarane: 3,3 millionar meir til Brageteatret og 3 millionar påplussing til Østfold Teater er meint som eit signal om oppgradering til region/landsdelsinstitusjonar for dei to teatra. Her blir det forventa at regionane skaffar eigenandel på 30 prosent av det offentlege tilskotet. Kulturnett.no I år har budsjettet også ein rapport på besøksstatistikken til nettstaden kulturnett.no. Eit snitt-tal på 90 000 vitjingar pr månad, tilsvarar omlag 3000 pr. dag. Dette er elles omtrent det einaste vi får vite om kulturnett.no i budsjettsamanheng. Relaterte linker: Satsing på barn og unge Teaternett 17. oktober 2009 440 millionar til Operaen Teaternett 9. oktober 2009 Krisetiltak i Operaen Teaternett 8. oktober 2008 10,7 % auke - mest til opera Teaternett 7. oktober 2008 Ansettelsesstopp i Operaen Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 8. oktober 2008 Kulturbudsjettet øker med ti prosent Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 7. oktober 2008 Festspillene får mer Av Heidi Torkildson Ryste. Bergens Tidende 7. oktober 2008 Musikk-teatret inn i TSO Av Kjersti Nipen og Kai Kristiansen. Adressa 7. oktober 2008 Disse kaster Giske penger etter Av Marie L. Kleve. Dagbladet 7. oktober 2008 Dansen rundt Gull-Giske Av Jonas Brække. Dagsavisen 7. oktober 2008 83 millioner mer til teater Kulturdepartementet 7. oktober 2008 40 millioner kroner i økning til Den Norske Opera & Ballett Kulturdepartementet 7. oktober 2008 8,8 millioner kroner meir til region- og distriktsopera Kulturdepartementet 7. oktober 2008 10 millioner kroner mer til dans Kulturdepartementet 7. oktober 2008 NYHETER MELDINGER |