![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
(annonse) |
![]() |
|
![]() |
![]() |
HÅRSBREIDD frå døden Skodespelaren Daniel Hoevels vart nyleg livstrugande skadd under framføringa av Schillers Maria Stuart ved ærverdige Burgtheater i Wien, melder Aftenposten. Då rolla til den svenske skodespelaren (30) skulle begå sjølvmord med kniv i sluttscenen hadde rekvisittkniven Hoevels skulle bruke blitt bytta med ein ekte kniv. Sjølv om prislappen framleis hang på kniven, oppdaga ikkje skodespelaren feilen før det var for seint. Truverdig spel Publikum såg berre truverdig spel, men forstod at noko var gale då skodespelaren ikkje reiste seg for å ta imot applaus. Ved utruleg flaks skar ikkje kniven så djupt at han traff pulsåra. Dagen etter kunne difor Hoevels påny gå på scenen, med bandasje rundt halsen. Politiet i den austerrikske hovudstaden etterforskar no saka ifylgje Aftenposten. Dei vil finne ut om kniven var plassert med vilje, som eit drapsforsøk.
NYHETER
MELDINGER |