|
(annonse) |
|
Avslutta TILSYNSSAK Leiing, lærarar og studentar ved Den norske balletthøyskole er letta etter at Lotteri- og stiftelsestilsynet ikkje vil setje skulen under administrasjon. - Skulen har no lagt fram tilfredsstillande dokumentasjon for dei tilhøva vi ville ha gjort greie for, seier seniorrådgjevar i tilsynet Tom Plünnecke til NRK. Rektor Anne Kristin Norum seier til NRK at det kjennes godt for dei tilsette at skulen no er friskmeldt. Det vart opna tilssynssak mot skulen våren 2008 på grunn av påstandar om dårleg arbeidsmiljø, økonomisk rot og manglar ved undervisninga. Gransking av kvalitet Endeleg avklaring av framtida til skulen kjem først på nyåret. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) legg i januar fram resultata etter granskinga av skulen sitt faglege opplegg. Den vanskelege situasjonen til skulen gjorde at dåverande rektor Arne Norum måtte gje skulen store private lån for å halde i gang drifta.
Relatert link:
Balletthøyskolen friskmeldt Av Thomas Alvarstein Owe og Sondre Bjørdal. nrk.no 2.desember 2008
NYHETER
MELDINGER |