![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
(annonse) |
![]() |
|
![]() |
![]() |
Gjev fruktbar MOTSTAND Den svenske scenografen Sören Brunes er aktuell med heile tre framsyningar i Stockholm om dagen, melder Dagens Nyheter. Det er forkasteleg å jobbe så mykje som han gjer no, seier han til avisa. Teaterfolk ser på han som genial, skal vi tru Dagens Nyheter. På Stockholms Stadsteater har han ansvaret for scenografien til Gotthold Lessings Nathan den vise, på Teater Tribunalen er det Det kommunistiska manifestet som står på programmet. Som om ikkje det var nok har han også skapt scenerommet til Gå genom et berg på Teater Brunns-gatan Fyra. - For det første lagar han alltid scenografiar som ein kan spele teater i, seier regissør Lars-Eric Brossner om Brunes til Dagens Nyheter. - For det andre så gjer han aldri det som eg seier, han tilbyr ein motstand som er fruktbar. Levande historiebok Med 44 år bak seg i teaterlivet er Brunes ei levande historiebok med fleire teaterepokar under huda. Det har gjeve han innsikt om korleis ein kan formulere seg som scenograf. - Ein trur at regissørane veit alt så nøye, at dei har ein sterk ide, seier Brunes til DN. - Der har Lennar Hjulström lært meg ein del. Korleis skal eg kunne vete, seier han, vi tenkjer vel begge to. Og alt byrjar med ein tekst og eit tomt rom.
Relatert link:
På jakt efter det perfekta rummet Av Betty Skawonius. Dagens Nyheter 2. oktober 2008
NYHETER
MELDINGER |