AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
10. oktober 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



10,7 % auke - mest til OPERA

I Noreg har det aldri vore løyvt meir til teater enn på budsjettet for 2009 som vart framlagt i dag. Auken for scenekunstfeltet vert på 10,7 prosent, og det gir vekst over heile lina.


Dryge 1,3 milliardar kroner er ramma i år, og auken frå ifjor ligg på line med auken i kulturbudsjettet (10,2 prosent). Kulturbudsjettet er i framlegget oppe i 8,5 milliardar kroner, altså nokså nær ein prosent av heile statsbudsjettet (848 milliardar). Kulturfeltet har omsider blitt tenåring i statsbudsjett-samanheng.

Kvar tredje krone til Bjørvika
Og scenekunstfeltet forsyner seg godt av kaka: Omlag kvar sjette kulturkrone går til teater. Og Den Norske Opera & Ballett framstår no som sjølve lokomotivet i scenekunsten. Nesten kvar tredje krone frå denne posten går til Den Norske Opera og Ballett (
387 millionar). Bjørvika får 100 millionar kroner meir enn Det Norske Teatret og Nationaltheatret til saman.

I Bergen får Bjarte Hjelmeland og Den Nationale Scene ei lita påplussing, men med dei
89 millionane (12 prosent) bergensarane får av midlane i kategorien nasjonale institusjonar (748,1 millionar) blir DNS framleis ein soleklar veslebror til Operaen, Nationaltheatret og Det Norske Teatret.

Peer Gynt og Dramatikkens hus
I det meir uoffisielle og friare scenekunstfeltet er det jubel i Det Åpne Teatret på Grønland i Oslo for
2 millionar til etablering av Dramatikkens hus. Likeins har Peer Gynt-stemnet ved Gålå-vatnet fått knutepunktstatus.

Fri scenekunst får elles ei ramme som inneber 13 prosent auke frå 2008. Dette beløpet er på
26,1 millionar, og mange ville nok ynskt ein endå større auke her.

Kulturnett.no
Frå andre postar i kulturbudsjettet kan vi observere at
3,1 millionar skattekroner skal gå til nettstaden kulturnett.no. I kva grad funksjonaliteten og besøksstatistikken til denne nettstaden forsvarar ei såvidt stor løyving kunne vore interessant å fått dokumentert.
 
Relaterte linker:
Krisetiltak i Operaen Teaternett 8. oktober 2008
Ansettelsesstopp i Operaen Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 8. oktober 2008
Kulturbudsjettet øker med ti prosent Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 7. oktober 2008
Festspillene får mer Av Heidi Torkildson Ryste. Bergens Tidende 7. oktober 2008
Musikk-teatret inn i TSO Av Kjersti Nipen og Kai Kristiansen. Adressa 7. oktober 2008
Disse kaster Giske penger etter Av Marie L. Kleve. Dagbladet 7. oktober 2008
Dansen rundt Gull-Giske Av Jonas Brække. Dagsavisen 7. oktober 2008
83 millioner mer til teater Kulturdepartementet 7. oktober 2008
40 millioner kroner i økning til Den Norske Opera & Ballett Kulturdepartementet 7. oktober 2008
8,8 millioner kroner meir til region- og distriktsopera Kulturdepartementet 7. oktober 2008
10 millioner kroner mer til dans Kulturdepartementet 7. oktober 2008

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no