|
(annonse) |
|
Aukande KRITIKK I nabolandet veks no kritikken mot leiinga av det svenske nasjonalteateret, Dramaten. Repertoaret er for vanskeleg, og sjefen er fråverande, skal vi tru teaterfolk Dagens Nyheter har snakka med.
Staffan Valdemar Holm er på
oppdrag i utlandet og ikkje tilgjengeleg for kommentar, ifylgje Dagens
Nyheter. Men avisa har fått andre i tale, som ikkje er nådige:
- Eg har i fleire år høyrt at medarbeidarar er skuffa og rysta over at teatret er så dårleg teke hand om, seier regissør og skodespelar Thommy Berggren til DN. - For meg er det uforståeleg at ein ikkje freistar å gjere noko med det. Mange skodespelarar har flykta frå Dramaten fordi dei ikkje trivdes. Dette merkar publikum og uteblir, og då er tragedien eit faktum. Ute av kontroll Den store vårsatsinga til Dramaten, Drottningens juvelsmycke måtte utsetjast, lengda på framsyninga var ute av kontroll ved premieren: Det vart heller ikkje tid til publikumsprøver. Ifylgje fleire regissørar brukar planlegginga til Dramaten å vere fantastisk. Mange bransjefolk meiner at sjefen, Staffan Valdemar Holm, har for mange utanlandsoppdrag, er fråverande og delegerer for mykje. Og økonomisjef Staffan Rydén vert peika ut som grå eminense med for mykje makt. Nasjonsgrensene vert viska ut Mykje tyder no på at etterfylgjaren til Holm, Marie-Louise Ekman, tek over sjefsjobben tidlegare enn planlagt. Og medan Dramaten strevar, går Stockholms Stadsteater så det susar. Sjefen ved Stadsteatret, Benny Fredriksson seier til Dagens Nyheter at Dramaten på same måte som nasjonalteatra i København, Helsinki og Oslo truleg går gjennom ei identitetskrise, prega av at nasjonsgrensene vert viska ut.
Relaterte linker:
Dramatens ekonomiska kris drabbar teaterrepertoaren Av Juan Flores og Therese Uddenfeldt. Dagens Nyheter 19. juni 2008 Dramaten svarar: "Vår beläggning er acceptabel" Dagens Nyheter 16. juni 2008 Tung kritik mot Dramatens chef Av Juan Flores, Dagens Nyheter 14. juni 2008 Kulturministern har förtroende för Dramaten Av Lisa Boda, Dagens Nyheter 12. juni 2008 Dramaten tvingas rea biljetter Av Juan Flores, Dagens Nyheter 12. juni 2008 Listor avgör vem som får gå Av Juan Flores, Dagens Nyheter 12. juni 2008 Dramaten ventar ingen forbättring i sin ökonomi Av Juan Flores, Dagens Nyheter 22. april 2008 Applaus for kulturveteran Teaternett 10. mars 2008 Dramatensjefen så rødt Teaternett 14. februar 2008 Tre kronor på Dramaten Teaternett 25. januar 2008 Internasjonale Institusjonsteatre
NYHETER MELDINGER |