|
(annonse) |
|
BROADWAY-suksess vart det for Nationaltheatersjef Eirik Stubø og Vildanden i natt. Stubø si oppsetjing av Ibsens dramaturgiske meisterdrama fekk den såkalla Obie-prisen av amerikanske kritikarar, melder NRK Kulturnytt og Aftenposten. Ifylgje Aftenposten hausta Stubø gode kritikkar, mellom anna i New York Times, då oppsetjinga gjekk på Brooklyn Academie of Music i fjor haust. Obie-prisen, eller Off Broadway Theatre Awards, som han eigentleg heiter, vert delt ut til meir intime og ikkje-kommersielle teaterproduksjonar på Broadway. Prisen vert rekna for å ha vel så høg prestisje som den kommersielle Tony-prisen. Stubø tok prisutdelinga roleg ifylgje Aftenposten. Han var i Bergen for å arbeide med eit Jon Fosse-stykke til Festspela og hadde ikkje høve til å ta imot prisen personleg. Relaterte linkar: NYHETER MELDINGER |
||||||||||||