|
|
 |
 |
Oslo ei LUKKA VERD
Det er like vanskeleg å få gode jobbar i Oslo
som i England, ifylgje musikal-artisten Lisa Stokke.
Du må ha familie i bransjen eller ha gått på Statens Teaterhøgskole, seier
Stokke til NRK.
Stokke har gjort det godt i Londons West End, først i Mamma Mia og no
i Guys and Dolls. Ho freista først å få jobbar i Oslo, men opplevde
teatra i hovudstaden som ei lukka verd.
Teatersjef Jørg Ellertsen ved Dizzie Teater har brukt Stokke i eit prosjekt
og skjønar ikkje kvifor andre teater i hovudstaden ikkje har gjeve henne
jobb.
- Ho er veldig profesjonell og morosam å jobbe saman med, seier Ellertsen
til NRK.
Kvalitet
Teatersjef ved Oslo Nye Teater, Svein Sturla Hungnes, avviste i dag overfor
NRK P2 at andre tilhøve enn kvalitet betyr noko når teatret har audition for
produksjonane sine.
Relaterte linkar:
Slakter
teaterscenen i Oslo
Av Jane Elin Brattland. NRK 26. mars 2007 NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|