|
|
|
 |
 |
For god FOR NOREG?
Som Ibsen møter nordmann og dramatikar Finn Iunker større forståing i Europa enn i
heimlandet. No er han nominert til Nordisk Dramatikarpris, melder Dagsavisen.
Det er dei to siste stykka hans Iphigeneia og Dealing With Helen
som er innstilt til prisen som berre vert delt ut annakvart år. Ifylgje Dagsavisen kan
Iunker karakteriserast som ein eksperimentell og kontinental dramatikar, men er
enno ikkje sett opp av eit norsk institusjonsteater.
-Eg ville gå attende til den vestlege dramatikkens opphav, og samstundes halde blikket
på det moderne, seier Iunker til Dagsavisen om dei siste stykka, som er ei
vidareforteljing av Evripides sine tragedier. - Eg er interessert i konfliktliner, der
ulike element kan støyte saman utan at ein må velje side.
Relatert link:
Iunker på
vent Av Hilde Østby. Dagsavisen, 6. februar 2004
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|