|
|
|
 |
 |
Misvisande BESØKSTAL
Danskane er misnøgde med besøksstatistikken for teatra. I dag viser tala berre besøket
for teater med statsstøtte. Ifylgje Politiken må kulturminister Brian Mikkelsen no
vurdere systemet.
Aktivitetane i dei store kulturhusa og på privatteatra vert ikkje talde med, og det
handlar om opp til 700 000 uregistrerte besøk.
Dette er inga ny sak i Danmark og både teatra og kulturpolitikarene byrjar å bli
utålmodige for å få retta på tilhøva.
- Danmarks Statistikks teatertal har vore misvisande i mange år, og det kan ikkje
vere rett at vi no sit og diskuterer revisjon av teaterlova utan å kjenne dei korrekte
tala, seier Eyvind Vesselbo, medlem av Folketingets Kulturutval til Politiken.
Opera og dans tilbake
Kulturministeren lovar betre statistikk for sesongen 2004-2005. Elles viser statistikken
at danskane har stabil teaterinteresse. I gjennomsnitt har det vore 2,4 millionar
tilskuarar pr. sesong i perioden 1985-2002. Det er også ein liten tendens til at opera og
ballett taper terreng, medan tradisjonelt teater og barneteater har ein liten framgang.
Relatert link:
Misvisende tal om
danskernes teaterbesøg Av Peter Thygesen, Politiken 19. januar 2004
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|