|
|
|
 |
 |
DANSETEATER i Holstebro
Ikkje mindre enn 1250 tilskodarar skal få sitjeplass når den danske byen Holstebro om
halvanna år får nytt teaterhus til 60 millionar, melder Politiken.
Holstebro husar frå før det verdskjende Odinteatret og har fått mykje omtale fordi byen
medvite gjennom mange år har satsa på å legge tilhøva til rette for kulturarbeidarar.
Det nye Dansens Teater skal byggjast til Peter Schaufuss Balletten som har turnert inn- og
utland med base i Holstebro sidan 1997. Holstebro Byråd gjev støtte til prosjektet, men
ballettsjefen sjølv må skaffe halvparten av pengane. I planane ligg det også plass til
eit Museum for Dans, og Dansens Bibliotek.
Lysskulptur
Designar for nybygget er James Turrell, og tanken er at huset vil ligge som ein mørk
bygning i byen på dagtid, men framstå som ein lysskulptur om kvelden. Bygget skal stå
klart på seinsommaren 2005.
Relatert link:
Holstebro bygger
nyt danseteater Av Peter Thygesen, Politiken 20. januar 2004
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|