|
Rekordmange
vil spele teater
Fleire enn nokon gong vil verte skodespelarar i Noreg. Teaterhøgskulen
har ifylgje Aftenposten påny slått alle rekordar på søkjartal: Heile
840 ungdommar ynskjer i år å få dei ti plassane kampen står om. Ifjor
var det 670.
Det er dobbelt så mange jenter som gutar mellom søkjarane. Ingen har
nokon klare teoriar om kvifor så mange vil spele teater.
Ukjent
fordeling
Noreg har få utdanningsplassar på skodespelaryrket. Det
hadde vore interessant å vite meir om sosial og geografisk bakgrunn,
både til søkjarane og dei som kjem inn. Men det er ikke gjort studiar
på dette, eller på kor mange fleirkulturelle søkjarar som har prøvd
seg.
- Det er vanskeleg ut ifrå søknadsbunken å sjå kva slags bakgrunn
søkarane har, seier rektor Halldis Hoaas til Aftenposten. - Men vi har
inntrykk av at det fylgjer opp den gledelege tendensen frå i fjor, med
større breidde i søknadsmengda.
Og til
Sankthans vert det klart kven som får draumane oppfylt. Og dei andre -
må til utlandet eller prøve på nytt neste år!
NYHETER
MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss
å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår
epostadresse: teaternett@teaternett.no |