|
|
 |
 |
ALF NORDVANG
takkar av
Torsdag tek Alf Nordvang avskjed med norsk teater, melder NRK Kulturnytt. Den garva
skodespelaren er nådd pensjonsalderen.
Og det er i ei krevande rolle han takkar for
seg. I familiedramaet Hjemkomsten av Harold Pinter spelar Nordvang den
bitre og usympatiske faren.
Ifylgje NRK har Nordvang fått nye rolletilbod, men tykkjer likevel det er vemodig å
forlate Rogaland Teater.
Hjemkomsten av Pinter handlar om kvar vi kjem frå, hva slags draumar vi
har, og kva som skjer med mennesket når det mister sine draumar, blir avstumpa og brukar
vold som uttrykksform.
Svart komedie
Stykket er ei grotesk svart komedie der vi må finne meininga sjølv og der
komikken er tilstades overalt.
I tillegg til Alf Nordvang medverkar Jørgen Langhelle, teatersjef Ingjerd Egeberg, Arne
Knutsen, Jan Ø. Wiig og Anders Dale. Regi har Torfinn Nag.
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og
internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et
tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|