FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / V

(annonse)

Denne side endret
9. mars 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

V

"den vesle svarte"

Del artikkelen |

"Den vesle svarte", også nedkorta til LBD etter den engelske nemninga "Little Black Dress", er ein svart, enkel og elegant knekort kjole. Kjolen vert nytta til fest eller til andre situasjonar der ein ynskjer gjennomtenkt og høgtideleg drakt.

"Den vesle svarte" vart opprinneleg lansert av klesdesignaren Coco Chanel i 1926, men fekk sitt gjennombrot på 1950- og 1960-talet. Mange ser i dag på "den vesle svarte" som eit av grunnplagga i ei kvinnegarderobe, ikkje minst for modellar og skodespelarar.

"den vesle svarte".
Mai 2010
Foto: M.N.A. van den Bogaart
WikiCommons
veslesvarteLBD2-WikiCommons-crp.jpg (1159210 bytes)

Sidan plagget ofte er svært enkelt vert det også lagt stor vekt på kva ein skal ha til "den vesle svarte": Vesker, sko, halsband, armband, hanskar, øyreringar og smykke.

Opprinneleg var kjolen T-forma, med lange armar og innskjering slik at kjolemidja låg på hoftene. På 1920-talet var kjolen ein motreaksjon mot dei store tunge langkjolane som var høgste mote den gongen, og som gjorde det vanskeleg å røre på seg. "Den vesle svarte" vart etterkvart nærmast eit symbol på den frigjorte kvinna.

Coco Chanel lånte fargen svart frå dei avantgardistiske ekspresjonistiske kunstnarane i samtida. Før denne kjolen kom i bruk var svart rekna som ein farge berre til bruk ved sorg. Ei ikonisk utgåve av "den vesle svarte" er kjolen som vart designa til skodespelaren Audrey Hepburn i filmen Frukost på Tiffany's frå 1961. Skaparan av denne kjolen var Hubert de Givency. Filmen vart umåteleg populær og kjolen med den.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no