FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / R

(annonse)

Denne side endret
1. juli 2005

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

R

reteatralisering
Retning i teaterhistorien som vil føre teateret attende til seg sjølv, og vekk frå freistnaden på å skape illusjon av røyndom på scenen. Gjennom reteatralisering vert teatret forstått som ei eiga verd, med eigne verkemiddel, eigne lover og eigne koder for kommunikasjon. Publikum skal ikkje ”lurast” til å tru på ein illusjon, men inviterast til å gå inn i teatret på dei føresetnaden som kjenneteiknar dette. Omgrepet ”reteatralisering” vart lansert av den tyske teaterleiaren Georg Fuchs rundt 1900. Omlag samstundes byrja filmen sin ekspansjon som folkeleg underhaldnings- og illusjonsmedium. Teatret kunne ikkje lenger vere ”best” på dette som i romantikken, realismen og naturalismen. Utover i det tjuande århundret søkte nyskapande teaterfolk impulsar til fornying av teatret attende i teaterhistoria, før og utanfor illusjonsteatret, eller til teatrale former i samtida. Døme på dette er Brecht som vart inspirert av kinesisk teater og utvikla sin V-effekt. Performance inviterer også publikum til å ”leike” med verkemidla i teatret.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no