FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / N

(annonse)

Denne side endret
4. juli 2001

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

N

naumachia
Arrangerte sjøslag for publikum, teaterform i det antikke Roma. Amfiteatra, som til dømes Colosseum, vart fylt opp med vatn og det vart utkjempa slag mellom to grupper av kampslavar (gladiatorar) for å underhalde publikum. Kampen gjekk føre seg på liv og død for dei involverte aktørane, som ofte kom frå folkegrupper som romarane hadde undertrykt. Naumachia var ei viktig teaterform for romarane, som hadde militær dominans på Middelhavet som eit viktig grunnlag for makta si. Teaterforma understreka herreveldet til det romerske imperiet.

I renessansen vart naumachia-forma teken opp att både i Italia og i Frankrike, men utan at kampen gjekk på liv og død for aktørane. Her vart temaet ofte møtet mellom dei europeiske erobrarane og dei innfødde i den ny-oppdaga verda, til dømes indianarane i Amerika.

I våre dagar kan vi sjå mindre likskapar til naumachia til dømes i barne- og familieframsyningane om sjørøvaren Kaptein Sabeltann i Kristiansand Dyrepark. Attraksjonane byggjer på den allmenn-menneskelege dragninga mot vatn,  pyrotekniske verkemiddel og klar konflikt, mellom "det gode" og "det vonde".

I film, først og fremst innan actiongenrene, er desse effektorienterte elementa meir dominerande og meir reindyrka realistiske gjennom moderne datateknologi, som til dømes i den amerikanske filmen Pearl Harbor. Hadde romarane hatt høve til å biletleggje kampane med Karthago på same måten hadde dei truleg gjort det.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no