FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / M

(annonse)

Denne side endret
20. mars 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

M

Machiavelli, Niccolò

Italiensk dramatikar, forfattar og politikar. Fødd 3. mai 1469 i Firenze, Italia. Død 21. juni 1527 i Firenze. Skreiv komedien La Mandragola (Alrunen) i 1518. Mest kjent for boka Il principe (Fyrsten) utgitt i 1514 tileigna Lorenzo Medici. I Fyrsten legg Machiavelli fram ei oppskrift på ein omsynslaus maktpolitikk for å frigjere og samle Italia og byggjer opp under framstillinga med eksempel frå antikken og samtida.

Machiavelli omtalar teater slik i Fyrsten:
"Dessuten bør han (fyrsten, red.anm) til passende tider på året sysselsette folk med fester og skuespill. Da enhver by er delt i laug eller klasser, må han ta hensyn til disse fellesskap og imellom ta del i deres sammenkomster, gi bevis for folkelighet og godgjørenhet, og allikevel alltid hevde sin høye stillings majestet - den må aldri savnes." (Machiavelli 1967:86)

Machiavelli leverer mange av premissane for det seinare eineveldet, og dermed dei offisielle teaterformene som fylgjer av dette. Mellom anna akseteatret med sentralperspektivet, der alle uttrykk frå scenen er innretta mot den eineveldige fyrsten som den opphøgde og priviligerte tilskodar. Ludvig 14. i Frankrike er kanskje det fremste av mange døme på dette.

Fyrsten
har blitt ståande som eit sentralt kulturhistorisk dokument og kan sporast som referanse mellom anna hos Shakespeare. Personen Machiavelli og hans liv og lagnad er motiv i dramaet Mot karneval av den norske forfattaren Hans E. Kinck.

Litteratur:
Niccolò Machiavelli: Fyrsten. Dreyer 1967
Stein Willumsen Kippersund: Avtrykk i Fyrstens skygge. Teaternett.no, Hamar 2010.

Relatert link:
Maktens mann Av Inger Merete Hobbelstad. dagbladet.no 20. mars 2013.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no