|
|
|
 |
 |
| Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram >> |
G
| gladiator |
frå latin, betyr
"sverdkjempar". Gladiatorene var profesjonelt opplærte fektarar, som kjempa mot
kvarandre på liv og død for publikum i dei romerske amfiteatra, til dømes i Colosseum. Som regel var gladiatorane
krigsfangar frå folkeslag romarane hadde sigra over. Dei kunne også vere slavar eller
forbrytarar. Når ein gladiator hadde vunne over ein annan bestemte publikum eller
keisaren om sigerherren skulle ta livet av taparen med å vise tommelen opp eller ned. I
motsetnad til kva som er den vanlege oppfatninga vende tommelen ned når taparen skulle
få leve og opp når han skulle drepast. Sjå også naumachia.
Litteratur:
Eckardt, Emanuel: Storhet og fall på dødens arena.
National Geographic Norge nr. 14-2006 (48-71).
|
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|