|
|
|
 |
 |
| Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram
>> |
D
|
dans |
frå
norrønt, dans, gamalfransk se danse. Rytmisk kroppsrørsle som fritt,
spontant eller organisert uttrykk for kjensler, energioverskot og ritual
i sosiale fellesskap, eller som medvite kunstnarlege uttrykk i høve til
publikum. Oftast, men ikkje alltid, til ulike former for musikk.
Vi finn
dans som uttrykk i dei fleste kjende folkeslag og kulturar, i friare
eller meir ritualiserte former. Sceniske dansar har ofte utvikla seg frå
ulike religiøse eller sosiale ritual. I europeisk kultur utvikla
danseformer seg gjennom hoffdans til ballett. Dans kan på same vis som
teater verte forstått meir eller mindre som
offisielt uttrykk. Dans kan
også førast attende til opprinnelege kulturar, som til dømes sjamanisme,
sjå narr. Overgangane mellom dans og teater er i vår tid ofte flytande,
som fylgje av utviklinga av fysiske teaterformer.
I norsk
vidaregående skule er dans ei studieretning med fag som gir
dansefagleg kompetanse eller utnyttar dansefagleg kompetanse på andre
samfunnsområde. Studieretninga er organisert som del av felles grunnkurs
musikk-dans-drama første år, og med fordjuping gjennom vidaregående kurs
1 og 2 andre og tredje år. Gjennomført studieretning gir allmenn
studiekompetanse. Studieretninga vart innført i 1994 som del av Reform
94 og ga dans ein ny og utvida plass i norsk vidaregåande skule.
|
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|