FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / B
(annonse)

Denne side endret
2. april 2005

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

B

ballett
frå italiensk, balletto, ”liten dans”. Ballett er ein scenisk dans som utvikla seg frå hoffdansane i barokken. Det vert sagt at italienaren Domenico de Piacenza (1390-1470) første gong nytta uttrykket ballo, istadenfor det til då vanlege danza om sine dansenummer. I 1581 vart boka Il Ballarino av Fabritio Caroso publisert, som instruksjonsbok i ballett. Same år viste Balthasar de Beaujoyeulx Le Ballet Comique de la Reine som den første teaterballetten. Italia var sentrum for balletten i tidlegbarokken. Då balletten kom til Frankrike utvikla kunstforma seg sterkt under Ludvig 14. som sjølv var dansar. Ludvig 14. etablerte Académie Royale de Danse i 1661 som den første utdanningsinstitusjonen for ballett i Europa. Frå Frankrike spreidde balletten seg utover heile Europa, saman med opera og etterkvart som sjølvstendig teaterdans. Sentrale personar i utviklinga av balletten er Pierre Beauchamps, John Weaver, Jean-Georges Noverre, Marie Taglioni, Isadora Duncan, Sergey Diaghilev, Rudolf Laban og Martha Graham.

 

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no