FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne side publisert
4. november 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



.

HALLOWEEN-Hamlet

Av Stein W. Kippersund

Det framstod som det mest sjølvsagde i verda å gå frå karnevalstemning og Halloween-feiring i Oslogatene og inn på Det Norske Teatret. Der venta ingen ringare enn verdsklassikaren Hamlet av Shakespeare, i regi av Peer Perez Øian. Og som i gatene utanfor hagla det med hovudskallar og skjelett i alle varianter, som masker, som dokketeater, hovud- og klesplagg.


Å vere eller ikke vere, det uuthaldelege dilemmaet, som mennesket alltid har stått framfor. Det er så viktig for oss å leve, og få mest mogleg ut av livet. Men døden er ein nær og plagsam del av det heile, og kjem når vi minst ventar det. Vi merkar det kanskje ekstra tydeleg på denne tida av året, når naturen går i dvale og mørket sig på. Om det er tilfeldig i Det Norske Teatret sin plan veit eg ikkje, men årstid og regi var i alle fall på same lag.

DNT-Hamlet-DagJensen-1.jpg (15019129 bytes)


Foto: Det Norske Teatret, Dag Jenssen. ©
 

Hjernen utanpå hovudet: Marie Blokhus som Hamlet, Ane Dahl Torp som Gjertrud og Mads Ousdal som Claudius på Det Norske Teatret, Scene 2. Regi Peer Perez Øian.

Regissøren har nytta høvet til å gje seg leiken i vald med alle dei effektane som eit moderne teater kan stille opp med. Og på ekte postmoderne vis - her er alle verkemidla likestilte.  Sjølv om orda i skodespelet står sentralt, i Edvard Hoem si kraftfulle omsetjing, så er scenografi, projeksjonar, kostymer, lys og ikkje minst lydbileta sjølvstendige formelement. Dei fyller rommet, og dreg tolkninga hit eller dit, med eller mot teksten.

Hemndåd og attergangar
Den  sentrale historia er teken hand om, på i og for seg tradisjonelt vis. Det handlar i utgangspunktet om den danske prinsen som vert vekt til hemndåd av attargangeren til far sin. Korleis møte dei mange tunge utfordringane som livet slik brutalt kastar fram for ein ung, tankefull og farlaus prins, i eit paranoid hoffmiljø? Der plutseleg eit grufullt brotsverk syner seg fram? Vel, humor, galskap og påfunn, gjerne av det ramnesvarte slaget, set i alle fall ting kraftig på spissen. Slikt går det an å gøyme seg bak, og kjøpe tid, før det naudsynte oppgjeret. 


Danskebåten og kjendisastronom
Og her sparar ikkje Øian eller ensemblet seg når dei får sjansen. Til dømes var bilet- og filmmontasjen ubetaleleg, om den melankolske danske prinsen sin tur med DFDS-Seaways til Noreg, Oslo og baren "Ofelia". Her stod kjendisastronom Knut Jørgen Røed Ødegaard klar, svingar gjerne glaset med sin urokkelege optimisme, si positive tru og tenkjing under kaldgufset frå eit øydestort verdsrom. Rimeleg effektiv kontrastering, ein kan vel knapt tenkje seg to meir motsette skapningar til å møte livsgåtene med, enn nettopp Hamlet og Ødegaard. Innertiar for den! Men medan ingen i utgangspunktet er ute etter å ta livet av astronomen står Hamlet i ei utfordring på liv og død frå ein onkel som har drepe far hans og gifta seg med mora.

DNT-Hamlet-DagJensen-FrankKjosas2.jpg (4786293 bytes)


Foto: Det Norske Teatret, Dag Jenssen. ©
 

Møte med maska: Fra Frank Kjosås som Horatio, bestevenen til Hamlet.

Hamlet som kvinne
Det føyer seg forståeleg inn i den postmoderne, fragmenterte estetikken til framsyninga at Hamlet på sjølvsagt vis vert spelt av ei kvinne. Vi kan sikkert leite lenge etter grunngjevinga for dette. Men det er knapt meir radikalt og vanskeleg enn at i dette sceneuniverset vert det også nytta kårdar utan klinger, at skodespelarane, og ikkje scenarbeidarar trillar den elementbaserte scenografien hit og dit, at hovudplagg og masker vert tekne på og av, at gravarscena vert løyst som dokketeater. Kontrakta om at teater er og blir teater, ei eiga oppkonstruert verd med eigne lover, vert her ført ut i sin yttarste konsekvens. Det er ikkje berre greit, det fungerer så det susar.

Det trengst ikkje noka forklaring for at ei kvinne spelar Hamlet og at ein mann spelar Ofelia innanfor denne kontrakta. Begge er skodespelarar som kan brukast til både det eine og det andre. Og både Blokhus og Kjosås gjer ein framifrå jobb, at dei i privatlivet er eit ektepar visste eg ikkje frå før, og tenkte ikkje over eit sekund. I denne samanhengen er alt skodespelarane gjer rolleforankra, ingenting er privat. Alle skodespelarar nyttar i og for seg private erfaringar i rollefaget sitt. Om ei indre sorgoppleving vert nytta til å styrke innlevinga til ein karakter innanfor ei realistisk ramme eller parets spasertur på jobb fell inn i ein postmoderne regi er slik sett det same. Grepet byggjer opp under den simultane dramaturgien. Det utfordrar sikkert nokon, men for meg fungerer det også heilt som det skal, også det at Kjosås både spelar Ofelia og Hamlet sin besteven Horatio. Friksjonen mot dei konvensjonelle forventningane som desse grepa skaper gjer at eg får eit skjerpa blikk, både på teksten, samspelet og handlingane.

DNT-Hamlet-DagJensen-MariaBlokhus3.jpg (6229191 bytes)


Foto: Det Norske Teatret, Dag Jenssen. ©
 

Skilde av maktspel: "Gå i kloster!" - I desperasjon bryt Hamlet (Marie Blokhus) med Ofelia (Frank Kjosås). Ein avdød far ropar på hemn, og mordaren er også ute etter livet til Hamlet.

Livsgåter og leik med teatret
Etter denne oppsetjinga treng ingen regissørar mangle roller til dei kvinnelege skodespelarane i det tradisjonelle klassikarmaterialet. Det kan sjølvsagt sjåast på som oppsiktsvekkjande at det i vårt samfunn ikkje treng å bety noko om Hamlet vert spelt av ei kvinne eller ein mann. Eller for den saks skuld om ein mann freistar å fylle sjablongane til ei "realistisk" kvinne. Eg opplever det som befriande å sjå Øian si suverene handtering her. Sjølvsagt utan at dette treng å bli ein gimmick som alle skal gjere på alle klassikarar i all framtid.

Skodespelet Hamlet har altså, som før, innhald i seg til mykje meir enn ei realistisk krimgåte eller ein thriller. Det handlar sjølvsagt om alle livsspørsmåla, men Shakespeareteksten handlar også mykje om leik og lureri med teatret og dei sceniske verkemidla, om tilhøvet mellom teater, liv og samfunn. Sekvensane med "teater i teater" er openberre døme på dette. Løysingane som er valde til dette er både raffinerte og verknadsfulle. Scenen der Hamlet instruerer dei omreisande skodespelarane og får vist eit døme på kva dei har på menyen er elegant, svært presist og uhyre kraftfullt. Gard Skagestad fyller denne situasjonen med intensitet og alvor, og gjer utover dette ein storarta jobb som Laertes.

Smerte og lyst, gru og glede
Til slutt kokar mykje av Hamlet, også i denne oppsetjinga, ned til spørsmåla om å vere eller ikkje, korleis skal vi vere, og kva skal vi gjere med kvarandre, i dette eine livet. Korleis skal vi takle døden i livet, og livet i døden. Kva er røyndom og kva er det ikkje. Kva slags roller har vi å møte livssituasjonane og utfordringane våre med. Kva er teater, kva er leik og kva er røyndom, kva er humor, kva er blodig alvor. Smerte og lyst, gru og glede. Temaet "Menneskelivet" altså, ligg som ein grunnplanke i Øian si oppsetjing. Både i dei realistiske menneskemøta, i dei kraftfulle scenografiske verkemidla, i møtet med Knut Jørgen Røed Ødegaard og det ufattelege verdsrommet, dei maktspelande små menneska og dei fortvila ungdommane på jakt etter meining, forståing og vegar ut av marerittet. I den avgrensa tida, kort eller lang, som vi alle har fått utdelt på denne jorda. Det er inga løysing eller meining å få, utanfor den du skaper for deg sjølv. Du må også sjølv medverke hvis du skal få noko ut av Hamlet på Det Norske Teatret.


Stein W. Kippersund

Hamlet
William Shakespeare
Omsett av Edvard Hoem
Med: Marie Blokhus (Hamlet), Frank Kjosås (Horatio/Ofelia), Mads Ousdal (Claudius), Ane Dahl Torp (Gjertrud), Vidar Magnussen (Polonius) og Gard Skagestad (Laertes)
Regi: Peer Perez Øian
Scenografi og kostymer: Hendrik Scheel
Lysdesignar 
Torkel Skjærven
Dramaturg: Mari Moen
Inspisient: Emilia Daczkowska Wist
Sufflør: Gry Espenes
Maskør: Hege Ramstad
Rekvisitør: Vanja Riksfjord
Kostymekoordinator: Benedicte Folkman
Scenemeister: Fredrik Jansson
Lydteknikar: Igor Zamarajev
Lysmeister: Ole Randers
Stad: Det Norske Teatret, Sal 2 
Lengde: Omlag 3 timar med pause

Tid: Laurdag 1. november 2014


Relaterte linker:
Hamlet.  Det Norske Teatret
Ganske kaotisk "Hamlet" Av IdaLou Larsen. idalou.no 15. oktober 2014


FORESTILLINGSKRITIKKER