|
(annonse) |
|
SCENEKRUT frå Nobel Alfred Nobel, han med prisane, var ein allsidig mann. Han har også skrive teaterstykker, melder nrk.no. I Stockholm har det nyleg vore premiere på stykket Nemesis, som har litt av kvart å by på, skal vi tru omtalen. Nobel sparkar til både religion og kapitalisme og stykket inneheld både tortur og incest. Det er i seg sjølv ein sensasjon at stykket vart funne, mange av Nobels manus er brent. Først og fremst for å redde æra til Nobel, skal vi tru regissør Richard Turpin: - Flyten i dialogen har ikkje den dramaturgiske kjensla, seier Turpin ifylgje nrk.no, - han er kanskje ikke ein dramatiker, men har gjort ei dramatisk undersøking. Det er eit eksperiment. Relatert link: Nobel gikk til ytterligheter Av Pernille Amdahl. Nrk.no 9.desember 2005 Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |