|
|
|
 |
 |
Forteljarkunst kan LÆRAST
Tell Forlag er på marknaden
med ei ny bok om forteljarkunst. Tittelen er Alene med publikum og
forfattaren er Gunnar Horn. Når du er aleine med publikum kan du ikkje stole
på at nokon andre ordnar opp for deg, skriv forfattaren. Samstundes har du
langt større fridom til å justere deg etter publikum. Boka er på bokmål, og
er på 167 sider. Ho er oversiktleg, og inneheld både teori og praktiske døme
for den som ynskjer å gå vidare med å utvikle seg som forteljar, enten som
skodespelar, lærar eller føredragshaldar.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|