|
|
|
 |
 |
SIBIRSK samtidsdans Olga Pona og kompaniet hennar gjestar Noreg med dans
frå eit postmoderne Russland, langt frå den vestlege samtidsdansen.
Does The English Queen Know What Real Life is About og Staring
into Eternity er namna på framsyningane, som vert vist i Prøvesalen på
Det Norske Teatret torsdag, fredag og laurdag.
Ifylgje ei pressemelding frå Dansens Hus er virtuositeten til dansarane
ikkje definert av stilistisk perfeksjon, men av kroppslege uttrykk frå det
komplekse livet i eit postmoderne Russland.
Dans, litteratur og filosofi
The Chelyabinsk Contemporary Dance Theatre er det fulle namnet på det
prislønna kompaniet som består av ti dansarar og to songarar. Dei freistar å
fortelje historiar frå "landsbyen" sin, Chelyabinsk i Sibir, som har 1,5
millionar innbyggjarar. Pona knyter arbeidet sitt både til den store
russiske litteraturtradisjonen, og til meir abstrakt filosofi.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|