|
|
|
 |
 |
Klart for UNGDOMSTEATER DUS står for Den Unge Scenen: Og bak denne tittelen
står eit teaterprosjekt som skal få fram ny dramatikk for ungdom.
Til helga er det duka for regional DUS-festival med ungdommar frå sju ulike
grupper på Det Åpne Teater i Oslo. Dei møtes for å vise fram resultata av
skodespel dei sjølve har vald å setje opp. Både Finn Iunker, Jon Fosse og
Liv Heløe er representert.
Sju teaterinstitusjoner i seks regionar over heile Noreg er saman
om DUS. Ideen har opphavet i det engelske Connections som vart etablert i
1994. Alle tekstane som gruppene set opp er nyskrevne bestillingsverk. I alt
27 grupper i nettverket har utspringet i ulike miljø, som teater,
skular, kulturskular, teaterlag, ungdomsklubbar og frittståande
teatergrupper.
I dei seks regionane vert det halde festivalar, der vinnarane går vidare til
nasjonal finale på Det Norske Teatret i slutten av mai.
Relatert
link:
www.denungescenen.no
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|