|
|
|
 |
 |
Fransk-østerriksk high-tech
På Black Box er det duka for ei framsyning utanom det vanlege. Fransk-østerrikske Superamas
er i Oslo med produksjonen BIG, 2nd Episode.
Ifylgje ei pressemelding blandar framsyninga humor og intelligent
samfunnskommentar, skodespelkunst og moderne medieteknologi.
Framsyninga inneheld film, dans, eksplosjonar, musikkvideoar, bomberaid, langbeinte flyvertinner
og homofile moteslavar.
Kunst, pengar og Rolls Royce
Temaet er ifylgje pressemeldinga kunst og pengar, kritikk og kommersialisme. To menn og ei
flyvertinne møtes i kosmetikkavdelinga på ein flyplass og
startar ein samtale om kosmetikk. Scenen utspelar seg som i ein film. Den
blir tilbakespolt, loopa, dubba og redubba. Superamas spør mellom
anna om ein må nytte
populærkulturens ordforråd for å analysere populærkulturen?
Forestillinga tek utgangspunkt i eit møte Superamas hadde med direktøren for
Rolls Royce: Kva kan eit teaterkompani tilby verdens mest sagnomsuste
produsent av bilar og flymotorer?
Teaternett formidlar nytt
frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du
er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|