|
|
|
 |
 |
Tre års arbeid på eitt
Den nye teaterskulen TITAN har hatt eit aktivt første skuleår. Skulen har
like mykje aktivitet på eit år som andre får til på tre, heiter det i eit
brev frå skulen.
Skodespelar-klassa har elevar frå fem ulike nasjonar, og lærarane
representerer same breidda ved den nystarta The International Theatre
Academy Norway (TITAN).
Etter eitt år i drift er aktivitetane mange: Elevane har iscenesett H. C.
Andersens Edens hage og er klar for København og festivalen til ære
for den store eventyrforfattaren. Dei har også produsert tre
einmanns-framsyningar i ulike teater i Oslo.
I mai står Tyrkia for tur, med Vigelandsforteljingar som elevane har
fått frifondsmidlar til. I juni reiser elevane til Bali i Indonesia for å
studere teaterritual og dans.
Skulen reknar også med snart å få godkjenning frå Statens Lånekasse for
utdanning.
- Studentane lærer å verte uavhengige, sjølvstendige artistar som er i
stand til å skape utan støtte frå teatra og direktørane. Mange har sagt
til meg at Noreg treng denne skulen, seier direktør Jim Hart i TITAN i
brevet.
Teaternett formidlar nytt
frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du
er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|