|
(annonse) |
|
Uredigert melding fra Fanny Holmin og Haugesund Teater:
Fanny Holmin og Haugesund Teater
presenterer forestillinga:
Håp - ein absurd
einaktar. Håp er ein absurd einaktar skrive av poet og scenekunstnar Fanny Holmin. I eit intenst og tett drama fylgjer vi to kvinner som på ulikt vis prøver å forholde seg til ein manns konstante og uuthaldelege liding. Konflikten mellom kvinnene tilspissar seg når det som fyrst var medkjensle bikkar over i frustrasjon og aggresjon. Stykket balanserer mellom det tragisk groteske og det absurd komiske, på same vis som menneske gjerne forheld seg til ekstreme situasjonar. Dette er ein co-produksjon mellom Fanny Holmin og Haugesund Teater. Poeten, som er busett i Bergen, debuterer både som dramatikar og skodespelar i denne forestillinga. Med seg på scena har ho Vera Holte og Håkon Karoliussen. Musikk av Dj Barabass. Forestillingar i Haugesund Teaters Intimscene på Festiviteten: Urpremiere Torsdag 20. november kl. 1930 Fredag 21. november kl. 1930 (Skuleforestilling på dagtid torsdag og fredag) Medverkande: Produsent: Fanny Holmin Co-produsent: Haugesund Teater Manusforfattar: Fanny Holmin Regissør: Håkon Karoliussen Skodespelarar: Vera Holte, Fanny Holmin, Håkon Karoliussen Musikk: Gunnar Innvær (Barabass) Lysdesign/Teknikk: Tom Erik Anfinsen Video: Frode Nordås Produsert med støtte frå Fond for Lyd og Bilde, Fond for Utøvende Kunstnere og Hordaland Fylkeskommune.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |