|
|
|
 |
 |
Pulitzer-vinnar
Fredag 31. januar er det Norgespremiere på David Auburns Bevis. Det
er Trøndelag Teater med regissør Kjetil Bang-Hansen som tek framsyninga til Noreg. I
2001 fekk Auburn den verdsberømde Pulitzer-prisen for stykket sitt, og det gjorde også
suksess på Broadway og i London.
Bevis er som ei kriminalhistorie. Gradvis vert fortida avdekka. Kva slags
forhold har matematikaren Robert og døtrene hans Cathrine og Claire hatt til kvarandre?
Farens død fører til at dei må rydde opp i papir og mange tankar, om tvil, tru og
livet.
I rollene finn vi Laila Goody som Catherine, Kikki Storm som Claire og Jan Hårstad som
Robert. Ola G. Furuseth spelar studenten Hal. Stykket er omsett av Kyrre Haugen Bakke,
scenograf er Helge Hoff Monsen og lysdesignar Eivind Myren.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt
teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår
epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|