|
|
|
 |
 |
Flamsk vår på Black Box
Det internasjonale programmet til Black Box er i denne sesongen samla i det dei har kalla
Flamsk vår - tre belgiske teaterkompani som vert presenterte i mars.
Kunstprosjektet Mobile Home åpnar sesongen torsdag 16. januar med liveinstallasjonen Mapping
4:Strategies of survival. Mobile Home består av tidlegare medlemmer av kompaniet
Hollow Creature og er eit fleirkunstfagleg kollektiv som stadig prøvar ut nytt materiale
i mindre performance-prega stunts. Strategies of survival er deira fjerde
kunst- og kommunikasjonseksperiment i Mapping-serien og held seg i grenselandet mellom
performance og biletkunst. I slutten av april kjem dei attende med ei konsertframsyning, Nightwood,
som viser direkte til Gustav Mahlers fem Kindertotenlieder.
I januar presenter Ingun Bjørnsgaard seven imperatives som ho laga for
Carte Blanche til Festspela i Bergen i 2001, vidare capricorn domestic
med hennar eige kompani, Ingun Bjørnsgaard Prosjekt. Framsyninga hadde premiere under
CODA-festivalen i fjor haust på Nationaltheatret.
Belgisk bølge
I midten av februar gir den norske koreografen Heine Avdal og den belgiske lydkunstnaren
og dramaturgen Christoph De Boeck ein liten forsmak på det flamske programmet med framsyninga
Terminal. Begge arbeider i Brussel, der Avdal mellom anna dansar for
koreografen Meg Stuart. Vidare vert Flamsk Vår presentert med tre veteranar i flamsk
teater: Josse De Pauw, Jan Fabre og kompaniet De Onderneming. Alle tre representerer
den belgiske bølga innan moderne scenekunst.
"voksnebarn" er eit forholdsvis nytt teaterkompani som først viser mad
av Jeremy Weller i februar, og har premiere på ei ny framsyning i mars. Kreutzer
kompani viser også ei ny dans-, video- og musikkframsyning: Elevator.
Barn og unge
LilleBox presenterer to framsyningar for barn og unge denne våren. Gorgon Produksjonar
har laga ungdomsteater basert på boka Maria & José av Erlend Loe og
Kim Hiorthøy. Framsyninga deira, mat/menn/mus vert spela ni gonger i
Oslo i slutten av mars. Eit år etter TreMødre kjem Dansdesign attende
med denne framsyninga, for dei mellom 0 og 3 år. VERK Produksjon avsluttar med Medea,
ispedd tekstar av Heiner Müller og Ulrike Meinhof sine dagboknotat.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt
teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår
epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|