AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
21. november 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



SOVNA under premiere

Det vart gratis drinkar i baren på Betty Nansen Teatret i København, då skodespelar Bjarne Henriksen sovna under premiera på Min familie. Ei framsyning han sjølv var med i...


Ifylgje nettstaden Aok.dk tok skodespelaren det heile med stoisk ro, då han dukka opp 2 1/2 time for seint til framsyninga sist laurdag. Publikum fekk ei forlenga pause på 1 og 1/2 time, då Henriksen brått dukka opp, bukka for publikum og sette igang med sin del av framsyninga.

Ingen grinebitarar
Det danske publikumet gjorde seg ikkje til grinebitarar, korkje etter frie drinkar eller i møte med Henriksens avvæpnande glimt i auget. Så då diva Ghita Nørby med stor sjølvironi tok laus med replikken "Utanfor går det godt, her inne går det til helvete" var tonen sett for ein romsleg kveld med latteren i frigear og humøret på plass. Det dempa på ingen måte morskapen at ein av hovedpersonane i stykket forsøv seg til ei gravferd.

Aok.dk kan også fortelje at skodespelaren Claes Bang tidlegare denne månaden tok seg nokre snork midt under prøvene på HamletScenens Glade dage. Og det skal vel meir til for at det danske publikum let seg vippe av pinnen, så lenge dei ikkje sjølve sovnar i stolane...
 
Relatert link:
Skuespiller snorksov Av Karen Stange-Jensen. Aok.dk 17.november 2008.

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no