AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
5. september 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Ibsenpris til HOEM

- Dramatikaren sin situasjon i teatret er vanskeleg, regissørveldet grip inn, sa Edvard Hoem (59) ifylgje Aftenposten, då han fekk den nasjonale Ibsenprisen for 2008 av kulturminster Trond Giske
.

Prisvinnaren er ein av dei verkelege veteranane mellom norske dramatikarar, og har i tillegg til sjølv å ha skrive mange skodespel også omsett ei rekkje store internasjonale dramatikarar. Hoem er mellom dei forfattarane som går mykje i teater, og har også vore sjef for Teatret Vårt i Molde. Forfattaren fekk prisen for skodespelet Mikal Hetles siste ord, oppført på Sogn og Fjordane Teater.

Ikkje alltid lukkeleg
Sjølv meiner Hoem han har lært mykje i sitt møte med teater og dramatikk. Både av store dramatikarar som Bertolt Brecht og Henrik Ibsen, men ikkje minst av tida som dramatikar ved Det Norske Teatret frå 1976. Teateret er Hoems store kjærleik, seier han til Aftenposten, men føyer til:
- Den store kjærleiken er ikkje alltid lukkeleg.

Ifylgje Aftenposten arbeider Hoem no med ein operalibretto om Hamsuns ungdom, som i første omgang skal spelast i Kristiansund, og deretter på Bjørvika-operaen, om alt går etter planane.
 
Relatert link:
Mer teater for Hoem Av Eivind Sørlie, Aftenposten, 2. september 2008

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no