AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
8. juni 2005

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Dans SPRENGER rammene

I ei pressemelding ved første tildelingsrunde i 2005 uttrykkjer Norsk Kulturråd eit luksusproblem: Det er så mykje bra kvalitet i scenekunstfeltet at fleire gode prosjekt ikkje kan få prioritet. Dansegrupper har nådd eit så høgt nivå at dei økonomiske rammene vert sprengt.

Klarare kan det knapt seiast: Rammene for fri scenekunst er for tronge, og den stabile støtten på 3 prosent av den samla statstøtta til scenekunst står ikkje i forhold til kvaliteten og veksten i sektoren. 229 søknadar med ein samla søknadssum på 83 millionar kroner låg på Kulturrådets bord. Kanskje dette kan setje litt fart i valkampen til hausten på kulturfeltet?

Mangfald og rekruttering
I pressemeldinga frå Norsk Kulturråd heiter det vidare at "Kulturrådet ønsker særlig å fremme kunstnerisk mangfold innen dans, og å rekruttere kunstnere som representerer nye uttrykksformer innen scenekunsten."

Ingun Bjørnsgaard Prosjekt er ein av vinnarane i denne tildelingsrunden. Den uredde og energiske koreografen får fornya tilskotet over to år, 1,2 millionar kroner i 2006 og 1,3 millioner i 2007 for å utvikle fleire nye heilaftens sceneproduksjonar. Zero Visibility group får 1,3 millioner begge åra for samarbeidsproduksjonar med skodespelarar og samtidsmusikarar. Unge Hedvig Hjetland Lykke får 270 000 til å prøve seg som koreograf i framsyninga Strandet.

Performance og X-ray
Martin Slaatto er også ein av vinnarane, som representant for vekst i området performance. Soloprosjektet Rå sløyfe får 400 000, og utforskar tilhøvet til naturen gjennom fysisk visuell bruk av teater og dans.

Og så eit lite ekstra kjøtbein til ungdommen: X-ray ungdomskulturhus får 200 000 til ein produksjon som brukar både hip-hop, breakdance, akrobatikk og moderne dans.

Relatert link:
www.kulturrad.no
Norsk kulturråd: Tilskudd scenekunst - 2005

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no