|
|
|
 |
 |
Teppet opp for PAE WHITE
118 kunstnarar var med på
konkurransen, mellom desse 46 norske. Men jobben med å lage sceneteppe til
Bjørvika-operaen går til ei amerikansk jente frå Los Angeles.
Teppet blir 10 x 18 meter stort, og har fått tittelen MetaFoil,
wawing wool into Gold.
Juryen grunngjev ifylgje Nettavisen
valet med at sceneteppet MetaFoil markerer både skillet og møtet mellom
scene og sal, mellom forestilling og publikum, og mellom fiksjon og røyndom.
Ein strålande fornøgd vinnar, Pae White (42), er fascinert av det norske
lyset, og lys er eit sentralt tema i teppet.
- Lyset som slår inn på ei dynamisk flate, er med på å skape eit veldig
sterkt inntrykk. Ved at eg på ein måte overfører lyset frå ei flate til ei
anna vert det skapt ei bildetolking i ulike fargar og fasongar, seier ho til
NRK.
Heavy metal
- Eg ville lage eit heavy metal-stykke, ei jern og stålgardin. Og så har eg
tenkt mykje på korleis noko kan vere lys utan å vere lys. Det er millionar
av lyselement i teppet. Det er bomullstrådane som lagar lyset, seier White
vidare, til Aftenposten.
Relatert link
Amerikansk sceneteppe Av Odd Inge Skjævesland Aftenposten 4. mai 2005
Amerikansk sceneteppe i operaen Av Anne-Kristin Loodtz Nettavisen 3. mai
2005
Pae Whites
sceneteppe vant nrk.no 3. mai 2005
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|