VEST ER BEST?
Dei fire vestlandsfylka kan
kome fram til ei samla fråsegn på Scenekunstutvalet si innstilling Etter alle
kunstens regler. Det er nettstaden til Norsk Teater- og orkesterforening (NTO) som
melder dette.
Fylkeskultursjef i
Sogn og Fjordane, Lidvin Osland, har teke initiativ til ein teaterkonferanse for Rogaland,
Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
- Det er mulig at vi her blir samde om ein felles vestlandsk høringsuttalelse
til Scenekunstutvalgets Etter alle kunstens regler, seier Osland til NTOs
IdaLou Larsen.
7 av 19 teaterinstitusjonar
Ifylgje NTO minner Osland om at dei fire fylka har heile sju av Norges 19
teaterinstitusjonar: Rogaland Teater, Haugesund Teater, Den Nationale Scene, Carte
Blanche, Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater og Teatret Vårt.
- Til saman representerer dei fire fylka våre ganske mange av innbyggjarane i Noreg, seier
Osland.
Det var på oppdrag frå dei fire fylkeskommunene at kulturforsker Georg Arnestad utarbeidde
ein rapport om føresetnader og utfordringar for ein felles kulturregion på Vestlandet.
Kulturregion
Vestlandet
Dei fire fylkeskommunene skal ifylgje NTO behandle rapporten på politisk
nivå.
- Ein slik "Kulturregion Vestlandet" med større råderett over økonomiske
ressurser og betre samspel mellom kulturinstitusjoner og fagmiljø vil bety mykje for å
skape kulturell meirverdi i regionene, sier LIdvin M. Osland.
Ei slik samordning av synspunkt på Scenekunstutvalet si innstilling blir truleg ei
utfordring for dei sentrale politikarane når innstillinga skal handsamast. Innstillinga
har skapt sterke reaksjonar både på Den Nationale Scene og i regionteatra, som føler
seg degradert. Lokale politikarar med kjenslevare antenner for Oslodominans kan gjere
dette til eit spørsmål om distriktspolitikk, med eit fornærma Bergen som lokomotiv.
Dersom
vestlandsteatra får til ei brei regional mobilisering bak eit felles standpunkt er dei
på offensiven. Scenekunstutvalet kan dermed ha kome til å provosere fram eit
ressurssterkt teatersamarbeid som til no har mangla på Vestlandet.
Relatert link:
En felles kulturregion? Av
IdaLou Larsen. NTOs heimeside 3. mai 2002
Samleside om
scenekunstutvalet innstilling. Teaternett 6. april 2002
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og
internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et
tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |