|
|
|
 |
 |
Strømgren med
TRIST PIANIST
Den kjende koreografen Jo Strømgren har for første gong skrive eit teaterstykke - om
skrivesperre og hovudverk. Kva er då meir naturleg enn å finne på ein slavisk dialekt
og dele ut ordliste til publikum?
Laurdag ligg det med andre ord til rette for ei spennande teateroppleving på
Torshovteatret. Strømgrens stykke Pianisten - tristere enn moll handlar
om ein drikkfeldig komponist med skrivesperre, ein lettlurt husvert, den rå og
drikkfeldige kona hans, ei sky og talentfull nabojente og ein fritt-talande nordmann.
Ingen av desse er hovedpersonar i stykket: Den rolla har eit svartlakkert Bohemia flygel,
handplukka av Jiri Linka, læraren til Leif Ove Andsnes!
Hovudverk
Vi er på slutten av 70-talet, ein stad langs breidda av Donau. Den tyske pianisten og
komponisten Walter Hölle har søkt tilflukt hjå ein slavisktalande familie med minimale
tyskkunnskapar. Han møter veggen under arbeidet med livsverket sitt - den store
"Kopfschmertzsonaten".
Husverten Milan og nabojenta Jelena prøver å hjelpe han ut av depresjonen. Milans
drikkfeldige kone, Vesna, gjer istaden situasjonen vanskelegare. Det ser kritisk ut for
Walter då ein tidlegare leigebuar frå Noreg, Harald, dukkar opp, og dei byrjar å rulle
opp årsaken til komponistens sine skrivevanskar.
Kostymeansvarleg Strømgren
Vi får tru eit høveleg laurdags-vorspiel i midten av mars, om det etter nachspielet er
nok med "piano" paracet eller om det må til piller med meir "forte"
vil søndagen vise.
Medverkande er Kåre Conradi, Ågost Senstad, Kjersti Elvik, Espen Reboli Bjerke og
Thorbjørn Harr. Ansvarleg for regi, koreografi og tekst og scenografi
og (!) kostymer: Jo Strømgren.
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og
internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et
tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|